fredag 2. januar 2009

31. desember

SVT1, 21:00 NOTTING HILL (1999)

I denne filmen spelar Hugh Grant ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjende frå før.

tirsdag 23. desember 2008

30. desember

STV1, 22:50 CHICAGO (2002)
Hugh Grant hadde anna å driva med då denne filmen vart innspelt, så hovudrolla gjekk til Richard Gere. Han spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.

NRK1, 23:20 MIN BESTE VENNS BRYLLUP(1997)
Hugh Grant hadde anna å driva med då denne filmen vart innspelt, så hovudrolla gjekk til Dermot Mulroney. Han spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.

29. desember

NRK1, 23:50 ELIZABETH (1998)
Hugh Grant hadde anna å driva med då denne filmen vart innspelt, så hovudrolla gjekk til Joseph Fiennes. Han spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.

28. desember

Dårleg dag for hughgrantianarar.

27. desember

NRK3, 21:15 SLIDING DOORS (1998)
Hugh Grant hadde anna å driva med då denne filmen vart innspelt, så hovudrolla gjekk til John Hanah. Han spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.

26. desember

SVT1, 22:00 MICKEY BLUE EYES (1999)
I denne sterkt undervurderte filmen spelar Hugh Grant ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.

NRK1, 00:15 SERENDIPITY (2001)
Hugh Grant hadde anna å driva med då denne filmen vart innspelt, så hovudrolla gjekk til John Cusack. Han spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.

25. desember

TV2, 19:30 PINGVINENES MARSJ (2005)
Her hadde Hugh Grant passa perfekt inn. Han hadde ikkje ein gong trengt å øva inn eit nytt ganglag.

TV2, 21:30 NOTTING HILL (1999)
TV2 har laga til ein retteleg drøymekveld - fyrst ein film der Hugh Grant kunne vore med, og deretter ein film der han er med. Han spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.

NRK1, 23:15 BRIDGET JONES' DAGBOK (2001)
Korleis det er no, veit eg ikkje, men før finanskrisa hadde islendarane så mykje pengar at det var pause midt i alle kinofilmar, slik at alle kunne kjøpa meir popcorn. Hugh Grant spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.