TV2, 19:30 PINGVINENES MARSJ (2005)
Her hadde Hugh Grant passa perfekt inn. Han hadde ikkje ein gong trengt å øva inn eit nytt ganglag.
TV2, 21:30 NOTTING HILL (1999)
TV2 har laga til ein retteleg drøymekveld - fyrst ein film der Hugh Grant kunne vore med, og deretter ein film der han er med. Han spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.
NRK1, 23:15 BRIDGET JONES' DAGBOK (2001)
Korleis det er no, veit eg ikkje, men før finanskrisa hadde islendarane så mykje pengar at det var pause midt i alle kinofilmar, slik at alle kunne kjøpa meir popcorn. Hugh Grant spelar ein litt puslete mann som prøver å verta kjend med ei dame han ikkje kjenner frå før.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar